fredag 8. april 2011

Joda, no har eg og blogg.

 Måtte berre prøve. Har hatt heimeside ein gang for lenge sidan som son min laga. Så lenge sidan at det å lage ei heimeside var vanskeleg.Som å lage mat frå grunnen. No er det vel meir som ein Toro-pose??? Sjøl mor klara det? Eller var det far? Men dessverre  forsvann heile heimesida sidan den låg på ei gratis side. Anar ikkje kvar ho er no, var mykje kult der. Og sida er alt historisk.
Bilda er frå kjøkkenet mitt, med vegg fra 1750 sånn cirka. Økas tømmer. Det er i alle fall historisk.


 Hylla på veggen er borte.Ho flytta. Det gjorde bordet også.Men veggen er her fremdeles.Og stolane.